top of page
Lisa Haugeland
Fele
Lisa Haugeland (f. 1993) frå Flekkefjord er musikar som bur i Kviteseid. Ho har utdanning innan folkemusikk ved Universitetet i Sør-Øst Norge avd. Rauland. Lisa har fordjupa seg i tradisjons-musikken frå heimtraktene i Vest-Agder, men har også eit hjarte for den britiske musikken.
​
Ho er mest aktuell med trioen Vesterveg og duoen Gautefald og Haugeland.
​
Funfact:
Lisa er venstrehendt! Første gong ho skulle plukka opp fiolinen då ho starta på kulturskulen, haldt ho bogen og fela motsett av det som er vanleg. Ho er veldig glad for at læraren retta på dette ganske fort, for å skaffa instrument til keiv-hendte er ikkje alltid så lett.
bottom of page