top of page

BOB DOWNHAM

Fløyter og sekkepipe

Bob Downhan (f. 1999) speler fløyte og irsk sekkepipe. Han er frå Ledston Luck, vest i Yorkshire. Bob har ein bachelorgrad i Folk- og tradisjonsmusikk frå Universitetet i Newcastle, og jobbar for tida med ein mastergrad i komposisjon. Han har stor interesse for den norske folkemusikken og har vore på utveksling som student ved Universitetet i Sør-Øst Norge, Rauland. Bob er involvert i ei rekkje prosjekt, blant anna i den fransk-engelsk-inspirerte duoen Hearken saman med Bruce Lambelle-Rudd (http://hearkenduo.co.uk/), og samarbeider med musikarar frå Amerika, Russland og Nepal. 

​

To sanningar og ei løgn om Bob:  

1) Bob pleide å bruka augelapp då han var liten. 

2) Bob spelte blokkfløyte før han bytta til low whistle.  

3) Bob sykla frå austkysten til vestkysten av England då han berre var 11 år gamal. 

​

Speler på: 3/4 set av Hunter Sekkepipe i D laga av Sam Lawrence, MK fløyter i D og F laga av Misha Somerville

Liker: Soving, museer, utepils og Math Rock

Misliker: Ansjos

Yndlingsdans: Reinlender - lett og morosam dans med dei kulast triksa!

Bob Downham: Band Members
bottom of page